I februar opna NIKU utgravingsteltet for elevar som vil lære meir om korleis det var å leva i Oslo i mellomalderen. Vi har invitert elevar som går på mellomtrinnet i osloskulen (5.–7. klasse) for å gje noko tilbake til dei som bur i Oslo i dag. Vi skal ta imot 36 klassar i tida fram mot påske, og håpar å nå fram til nesten 900 elevar. Prosjektet heiter «Skatter i mørk jord», og er eit samarbeid mellom NIKU, Oslo ladegård, Jernbaneverket og Sparebankstiftelsen DNB.

5A Bjørndal skole 007 - med Live etter miniutgraving i telt
NIKU opnar teltet for skuleelevar

Det er formidlarane til Ladegården og arkeologane til NIKU som tek imot elevane. Med mange involverte kan vi tilby fleire aktivitetar og opplevingar til dei som kjem hit, og det er vi sjølvsagt glade for. Jernbaneverket har løyst ei stor utfordring for oss, og det er korleis elevane kan få tilgang til teltet som er plassert inne på anleggsområdet deira. Dei har sett opp gjerde som lagar ei sluse der elevane kan gå trygt til teltet.

5A Bjørndal skole 001 - med Sofie på Oslo torg
Frå Oslo ladegård går turen vidare med ein av NIKU sine arkeologar.

Turen startar i kjellaren til Oslo ladegård, som i mellomalderen var ein del av Bispeborgen. Her får dei vita litt om korleis Oslo såg ut i mellomalderen, og korleis det var å bu i byen. Så overtek NIKU sine arkeologar, og elevane får koma nærare inn på husa, gatene og gjenstandane frå byen. Vi sender rundt gjenstandar som nokon har laga til og brukt for 700 år sidan, og vi ser dei same plassane ute som vi har sett på teikningar av mellomalderbyen inne på Ladegården.

Sjølv om mellomalderen er som ei anna verd for oss i dag, kan det nokre gonger kjennast som om tida har stått stille. Gata vi går nedover, var i bruk alt då, og mange av gjenstandane vi finn, er lette å kjenne igjen, sjølv for dei som ikkje har prøvd seg som arkeologar før. Nokon har kasta frå seg ein skosole med hol i, ei knust krukke eller ein knekt tretallerken, eller dei har mista ein ring eller ei perle, og kanskje tenkt at no var det borte for alltid.

5A Bjørndal skole 002 - med Sofie på Oslo torg
Sofie Scheen viser fram Oslo torg til elevar frå Bjørndal skole.

Barna sender gjenstandane rundt. Kva er han laga av? Bein eller tre? Kva er han brukt til? Kvifor har dei laga hol i denne steinen? Vi finn raskt ut kva delar av ei krukke som ligg på bordet føre oss. Det er ein del av botnen, og ein hank. Hanken er rund og god å halde i, medan botnen er flat, og står fint og støtt på bordet. Rundt kanten av botnen har den som laga krukka pressa ut små groper til pynt med fingeren sin – typisk for mellomalderkeramikk. Arkeologtomlane våre er for store til å passa i gropene, men fingrane til elevane er akkurat passe.

Inni teltet er det fuktig og nesten frostfritt. Lyden av arkeologar som krafsar og spar i bakken ber godt, og der er nysgjerrige elevar som ser seg rundt. Vi har sett opp eit lågt gjerde inne i teltet så ingen skal rote seg vekk mellom djupe kutt og høge profilar. På gjerdet heng bilde frå sommargraving i det same området, utvalde funn, flettverk og skjelett. Bildet av eit hundeskjelett har fått spesielt mykje merksemd frå klassane vi har hatt på besøk i teltet så langt.

5A Bjørndal skole 005 - miniutgraving i telt
Ivrige hender grev i mellomalderjord.

Ingen drar heim utan å ha hjelpt oss med utgravinga. Teltet står oppå 1–2 meter med mellomaldersøppel og -møkk, for dei gjekk ikkje langt utanfor døra før dei kasta frå seg avfall i mellomalderen. Med observante auge og stort pågangsmot leitar elevane gjennom lausmassane. Det er mykje flis og kvist i jorda, men også gjenstandar. Trepluggar, lêrbitar og keramikk er noko av det me tek vare på. Funn blir merkte med skule og klasse, og kanskje hamnar nokre av gjenstandane på museum til slutt.

5A Bjørndal skole 008 - miniutgraving i telt
Funn blir samla inn, og merkte med skule og klasse.

«Skatter i mørk jord» er finansiert med stønad frå Sparebankstiftelsen DNB.

Skriven av Maria Sture